Julebord 2025

I Kulleseidkanalen gjestehamn har me tradisjonelle julebord fredagar og laurdagar,
samt tilrettelagte juleavsluttingar for lag, organisasjonar og vennegjengar i vekedagar.

Julebord 2025

Pris

Kr 1555,-

inkl. velkomstdrikke, julebuffé, livemusikk og underhaldning

Privatpersonar betaler på faktura i forkant og betaler for drikke på sjølve arrangementet. Bedrifter får tilsendt faktura etter arrangementet. Ev. kjøp av bongar for drikke avtalast direkte.

Kulleseidkanalen Gjestehamn inviterer til julebord!

Vår julebordspakke består av velkomstdrikke, ­musikk, underhaldning, julemat og god stemning.

Julebufféen bugnar av pinnekjøt, svineribbe, riskrem, moltekrem, karamell­pudding og andre godsaker.

Det er booka mange julebord i gjestehamna frå veke 45 til veke 50. 8.nov, 22.nov, 28.nov og 29. nov er allerede fullbooka. Me tek gjerne imot bestilling på andre datoar også.
OBS: Minimumsantal for lukka julebord er 60 personar.

Felles julebord er for bedrifter som ikkje er så mange tilsatte at dei kan ha egne julebord. Det er begrensa med plassar så ver tidleg ute med bestillinga!

Bestilling og spørsmål til e-post: post@kulleseidkanalen.no

Fredag 14. & Laurdag 15. november

Felles julebord med underhaldning av Jim Jacobsen. 

Søndag 30. november

Familiejulebord

Fredag 5. & Laurdag 6. desember

Felles julebord. Info om underhaldning kjem.

Onsdag 10. desember

Felles Juleavslutning. Info om underhaldning kjem.

Programmet for kveldane

Dørene opnar kl 18:30, bufféen startar om lag 19:00 og du kan forsyna deg med varmmat fram til kl 21:00 – Då er alle er gode og mette ☺️ Underhaldninga startar om lag kl 21:30.

Underhaldning

Julebord på Kulleseidkanalen gjestehamn har alltid underhaldning av høg klasse!

På fellesjuleborda 14. og 15 november spelar Jim Jacobsen. Med humor, musikk og et enormt repertoar skaper han liv, engasjement og minnerike øyeblikk. 

Meir info om underhaldning kjem.

Familiejulebord 2025

30.november og 7.desember

Me inviterer igjen inn til familiejulebord på Kulleseidkanalen Gjestehamn, og ynskjer å gi rom for ei førjulsoppleving som skapar gode minner for heile familien.

Me tilbyr vår innhaldsrike julebuffé med pinnekjøtt og ribbe med tilbehør, men også litt ekstra tilrettelagt for at borna finn det dei likar. Her set me fram eit freistande matbord med god blanding av varme og kalde rettar for både liten og stor. Dessert og kaffi er sjølvsagt inkludert.

Me vil laga små juleverkstadaktivitetar for dei små, og dagen vert avslutta med underhaldning for dei små.

Julebuffé er open kl 14:00-16:00. Fra kl 16:00 kjem nissen på besøk med pakkar til barna, her kan dei og fylle ut ønskelista si å gi til nissen.

Kun førehandsbestilling.

Frist for bestilling til julebordet 30. november er 14.november.
Frist for bestilling til julebordet 7. desember er 21.november.

Barn 0-4 år gratis.

Pris barn 5-12 år 320kr pr person.

Pris vaksen 595kr pr person.

Bestilling og spørsmål til e-post: post@kulleseidkanalen.no.

Søndag 30. november

Familiejulebord.

Søndag 7. desember

Familiejulebord.

Juleavslutting

10. desember 2025

Legg juleavsluttinga til Kulleseidkanalen Gjestehamn!

Me diskar opp med god julemat og har underhaldning til juleavsluttinga. Her kan strikkeklubben, hobbylaget, fotballgjengen, veteranklubben, vennegjengen eller storfamilien møtast til ein kjekk kveld. Eller for bedriften som ønskjer ein sosial kveld for dei tilsette før jul på ein vekedag.

Me tek gjerne imot bestilling på andre datoar enn dei under også, minimumsantal er 60 personar.

Det er begrensa med plassar – så ver tidleg ute med bestillinga!

Bestilling og spørsmål til e-post: post@kulleseidkanalen.no.

 

 

Pris

Kr 855,-

inkl. julebuffé, livemusikk/underhaldning

Privatpersonar får tilsendt faktura ved påmelding. Drikke vert betalt i baren under arrangementet. Organisasjonar og bedrifter får tilsendt faktura etter arrangementet. Ev. kjøp av bongar for drikke avtalast direkte.

Onsdag 10. Desember

Juleavslutting 

Programmet for kveldane

Arrangementet startar kl 18:00.