Julebord 2025

I Kulleseidkanalen gjestehamn har me tradisjonelle julebord fredagar og laurdagar,
samt tilrettelagte juleavsluttingar for lag, organisasjonar og vennegjengar i vekedagar.

Juleavslutting

Juleavslutting 10. desember med Arne Kvarven og Håkon Tolås!

Me diskar opp med god julemat og har underhaldning til juleavsluttinga. Her kan strikkeklubben, hobbylaget, fotballgjengen, veteranklubben, vennegjengen eller storfamilien møtast til ein kjekk kveld. Eller for bedriften som ønskjer ein sosial kveld for dei tilsette før jul på ein vekedag.

Arne Kvarven og Håkon Tolås syng jula inn.🎄
Arne Kvarven er ein ettertrakta klassisk tenor som har både vunnet og hevda seg i internasjonale klassiske songkonkurranser, seinast i år! Han har lang fartstid som songar, både som klassisk tenor og i den vide pop-sjangeren.✨
Håkon Tolås er ein eksepsjonell pianist som har spelt i mange verdenshjørner for alt frå gospelkor til solistar og bidratt på fleire plateinnspelingar, også si eigen soloplate.
Håkon er pianist på Arne Kvarven sitt album «Einsamflygar – ei hyllest til Kenneth Sivertsen». Denne dyktige pianisten er kjent for sine nydelege klangar og for ein spanande harmonisering der han også lett henviser til andre songar og stykker. ✨
Arne og Håkon er ein duo som i over 10 år har arrangert eigne julekonsertar til fulle hus, samt spelt konsertar og andre opptrednar til stor suksess! Duoen lovar nydelege julesongar, servert med glimt i augo og god stemning!🤩
Me tek gjerne imot bestilling på andre datoar enn dei under også, minimumsantal er 60 personar.

Det er begrensa med plassar – så ver tidleg ute med bestillinga!

Bestilling og spørsmål til e-post: post@kulleseidkanalen.no.

 

 

Pris

Kr 900,-

inkl. julebuffé, livemusikk/underhaldning

Privatpersonar får tilsendt faktura ved påmelding. Drikke vert betalt i baren under arrangementet. Organisasjonar og bedrifter får tilsendt faktura etter arrangementet. Ev. kjøp av bongar for drikke avtalast direkte.

Onsdag 10. Desember

Juleavslutting 

Programmet for kveldane

Arrangementet startar kl 18:00.