Frukost ved Kulleseidkanalen

Kulleseidkanalen Gjestehamn tilbyr no frukost til alle som overnattar i hotellhyttene våre.
Frukosten blir servert på vekedagar frå klokka 07 til 09.

Velkomen overnatting hjå oss og ein morgon med ro, smak og utsikt hos oss på Kulleseidkanalen Gjestehamn.


Overnatting Våre arrangement

Open restaurant alle kvardagar

Frå måndag 12. januar opnar me dørene for middagssal frå vår nye à la carte-meny.
Servering måndag til fredag frå klokka 16:00.
Kjøkkenet stenger klokka 20:00, men restauranten er open til klokka 21:00.


Overnatting Våre arrangement

Søndagsbuffé

Søndagar frå 11. januar er me i gang med søndagsbuffé.
Restauranten er open frå 13:00–18:00, kjøkenet stenger 17:00.

Velkommen!

Overnatting Våre arrangement

Velkommen til Kulleseid­kanalen Gjeste­hamn!

Vakn opp i ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet. Sett kursen mot 59°44’32.1″N og 5°14’06.9″E og du kan legga til kai på ein av våre 40 båtplassar. Eller komma med bubil og kopla deg til, kopla av og nyta dagen. Frå 2025 tilbyr me nye hotellhytter – eit spanande hyttekonsept som kvar inneheld eit hotellrom med stove/soverom, kjøkenfasilitetar og sjølvsagt eige bad.
Me er her for deg og dine, slapp av og fyll på med gode opplevingar.
Rundt oss ligg ein fantastisk skjergard og ei mengd fine turmål som du kan nå med båt, bil, kajakk, til fots, på sykkel eller med snorkel og froskemannsdrakt!
– Flotte høve til bading, vassport, dykking, fiske eller berre ligga og nyta dagen med måseskrik og sjøskvalp på alle kantar.

Feiring

MED GOD MAT

er suksessen sikra, uansett anledning!

Les meir om kva me kan tilby deg!

Hotellhytte

Eit spanade konsept der du kan leige hytte med hotellstandard.
Dei finst i kategoriane standard, superior og med universell utforming.

BÅT

Sol, sommar og bølgeskvulp. Båtferie er fantastisk! – Og skulle det blåsa opp og regna litt, då er ei trygg, lun hamn og god inneplass godt å ha.

BUBIL

So godt å bu i sitt eige når ein er på tur rundtom. Ved idylliske Kulleseidkanalen er det sjøutsikt og tilgong til det som trengs, ikkje minst eit godt måltid i restauranten!

Finn litt meir ut om oss og kva me har å tilby, skal ikkje sjå vekk frå at me har noko spennande for deg og dine!