Jobb i Kulleseid­kanalen gjeste­hamn

Tilkallingsvakter

Me vil gjerne komma i kontakt med personar som ønskjer å ta ekstravakter som servitørar og kjøkkenassistentar. Det er særleg aktuelt for personar over 20 år og 18 år, men me tek gjerne i mot ein søknad frå deg som er under 18 år også.

Me har eit planleggingsverktøy for arbeidet der det blir lagt ut ledige vakter når me får inn bestillingar på selskap og arrangement, så det er mogleg å få jobba ganske mykje, særleg på ettermiddagstid, kveld/natt og helg. Dei som er tilkallingsvakter blir også prioritert til å få sommarjobb.

Å jobba i gjestehamna

Sommarstid er det eit yrande folkeliv og stort trøkk frå morgon til kveld hos oss her i hamna. Me har ein stor fin restaurant og bar med tilhøyrande glasshus og eit stort uteområde i sjøkanten. Mange gjester kjem sjøvegen med båten og me har god plass til bubilar på land. Elles i året er det søndagsbuffé og ope under arrangement og ved utleige. 

Me synst sjølv at me har ein vakker arbeidsstad med mange flotte gjester, hyggelege arbeidskollegaer, nytt kjøkken og eit godt og høgt tempo. Du får vera med å skapa gode matopplevingar og minne for livet, både for gjestene og for deg sjølv.

Du må vera serviceinnstilt, lika å jobba saman med andre og kunna ta vakter til ulike tider på dagen.

Kontakt oss!

Kan dette vera noko for deg, så ta kontakt på e-post: post@kulleseidkanalen.no

Du kan også ringa oss på 53 42 11 00.

Sommarjobb – 2025

Til sommaren 2025 treng me fleire personar som ønskjer å jobba som servitørar, kjøkkenassistentar og ordensvakter. Me treng ein god miks av forskjellige personar for å setja saman gode team, så kanskje det nettopp passar for deg, eller nokon du kjenner? Minimumsalder for å jobba hos oss er at du blir 16 år i løpet av året. Personar over 18 og 20 år er særleg oppfordra til å søkja.

I sommarkabalen vert ein sett opp på faste vakter, og alle får også «solvakter», som betyr at du blir spurt først ved behov. Når sola kjem fram, er det nemleg ekstra mange som kjem til Kulleseidkanalen og me treng då fleire servitørar på kort varsel. Då er det kjekt å vera øvst på ringelista 🙂

Det vert laga heime­laga dessertar til ­middagane. Her lagar me Crème brûlée – me nyttar Facebook­sidene våre aktivt for å visa kva kokkane diskar opp med.

Det er god plass i restauranten vår, og me følgjer alltid gjeldande smittevernreglar. 

Skreddarsydde løysingar for kundar som vil arrangera selskap og andre feiringar.

I restauranten serverer me tradisjonsmat i glasbygget og i det nyrenoverte grindabygget.

Det er sjølvsagt heime­laga dessert til middagen. Her lagar me Crème brûlée – sjekk Facebook­sidene våre for kva som blir servert kom­mande søndag.

Det er god plass i restauranten vår, og me følgjer alltid gjeldande smittevernreglar. 

Me skreddarsyr løysingar for deg som vil arrangera selskap og andre feiringar.

I restauranten vår får du servert god tradisjonsmat i glasbygget og i det nyrenoverte grindabygget.

Din draumejobb?

SØK I DAG

Send din søknad på e-post til post@kulleseidkanalen.no

TRENG DU MEIR INFORMASJON?

Tlf: 53 42 11 00

post@kulleseidkanalen.no