Mat og selskap ved kanalen

Middag i glashuset, søndagsbuffé med heile familien, eller ei feiring skreddarsydd for dykk.
Bestill bordPlanlegg eit selskap

Restauranten

God mat med utsikt over hamna

I restauranten får du god tradisjonsmat og lette måltid – i det nyrenoverte glashuset med glasvegg mot kaia, i det tradisjonelle grindabygget eller ute på kaien når været tillèt det. Søndagane dekkjer me opp ein rikhaldig buffé. Når det er lukka arrangement i første etasje, held restauranten ope i Krambua.

  • Tysdag–fredagMat 15–20 · ope til 21
  • Søndag, bufféMat 13–17 · ope til 18
  • LaurdagReservert for selskap
  • MåndagStengt

Frukost for hyttegjestar kl. 06:30–09:00 på kvardagar.

Blåskjel med pommes frites og brød
Sommarmeny
Tynn italiensk pizza med ruccola og spekeskinke
Pizza
Kjøtrett med grøne bønner frå haustmenyen
Haustmeny

Selskap

Me skreddarsyr feiringa

Selskap og feiringar er like unike som jubilanten. Me har lokale som passar både små og store lag, og ordnar gjerne levande musikk, kulturelle innslag og aktivitetar for borna.

Feiring

Dagen din må feirast! Eller svigermor sin, eller bryllaupet, konfirmasjonen, kongens fortenestemedalje … det er alltid noko! Ta kontakt, så set me saman mat og opplegg.

Møte og kurs

Lokale og mat til møte, samlingar og kurs – gjerne kombinert med overnatting og teambuilding.

Bedriftsopphald →

Bryllaup

Legg bryllaupet heilt i sjøkanten. Me har god erfaring og ein føreseieleg bryllaupspakke me gjerne fortel om.

Minnesamvær

Me hjelper gjerne til med det praktiske rundt minnesamvær etter ei gravferd, med lokale og matservering.

Glashuset med dekt bord og utsikt over kanalen

Lokala

Plass til små og store lag

Fortel oss kor mange de blir og kva de ønskjer, så finn me rett lokale og gir dykk pris.

  • Glashuset – nyrenovert, med utsikt over kanalen
  • Grindabygget – tradisjonsbygg for store lag
  • Krambua – selskapslokale i andre etasje for opptil om lag 30 gjester
  • Kaien – uteservering i sommarhalvåret

«Etter ein god middag kan ein tilgi kven som helst, til og med sine eigne slektningar.»

– Oscar Wilde