BOOKING

Hotell­­hytte

Bubil

Båt

Live webkamera

Hotellhytter

Me tilbyr overnatting i hotellhytter.

Eit fullverdig hotellrom oppført som hytte i fantastiske omgjevnader.

Hotellhyttene er så nye at dei ikkje dukkar opp på Google maps – her finn du kjøreanvisning.

Standard (Rom 1-12) er eit triveleg rom med dobbeltseng, stolar, kjøkkenfasilitetar og toalett med dusj.

TV-skjerm og Wifi.

Fint for par eller enkeltreisande som vil ha alt dei treng på ein og same stad.

Sengetøy, utvask og handkle er inkludert.

Frukost er inkludert i prisen mandag til og med fredag. Frukosten finn du i restauranten vår frå kl 07:00-09:00. Det er ikkje frukost hos oss i helgene grunna andre arrangement.

Velkommen til oss 🙂

Superior (rom 13-15) har stove med sofa og TV, soverom med dobbeltseng, stolar, kjøkkenfasilitetar og toalett med dusj.

Denne er populær blant forretningsreisande.

Det er mogleg å laga inntil 4 sengeplassar ved å reia opp sofaen til seng, så også mogleg for familiar å leige denne.

Sengetøy, utvask og handkle er inkludert.

Frukost er inkludert i prisen mandag til og med fredag. Frukosten finn du i restauranten vår frå kl 07:00-09:00. Det er ikkje frukost hos oss i helgene grunna andre arrangement.

Velkommen til oss 🙂

 

Hotellhytte nr. 16 og 17 er universelt utforma, har ekstra stort bad og er lett tilgjengeleg frå parkeringsplass. Eitt rom med dobbeltseng, TV, stolar, kjøkkenfasilitetar og toalett med dusj.

Sengetøy, utvask og handkle er inkludert.

Frukost er inkludert i prisen mandag til og med fredag. Frukosten finn du i restauranten vår frå kl 07:00-09:00. Det er ikkje frukost hos oss i helgene grunna andre arrangement.

Velkommen til oss 🙂

Det er fantastisk å ta ut på tur. Me legg på ein måte kvardagen med stress og mas bak oss. Fritidsmodus er på og då er det fint å komma til Kulleseidkanalen Gjestehamn, anten det er i bil og båt eller for eit opphald i våre hotellhytter.
Her kan barn, unge og vaksne finna nokon å vera saman med, leika eller slappa av. Me ynskjer å gi deg og dine ei god stund, anten det er ein dag eller ei heil veke.

Me tilbyr sanitæranlegg med WC/dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er også tømmestasjon for kassett-toalett, fylling av ferskvatn, bosstømming m.m.

I vår restaurant får du servert god tradisjons­mat og lette måltid. Maten kan du nyte anten på kaien og eller i vårt nyrenoverte grindabygg.

Me har trådlaust internett for våre gjestar og ladestasjonar for el-bilar.

 

 

BOOKING Bubil, camping og hytter

Booking av plass til bubil og campingvogn og booking av hytter gjer du på nettsida vår.

Booking båt

Me har ikkje booking eller reservasjon for båtplass, men sjekk gjerne ut webkameraet vårt for å sjå om det er ledig.

Båt 0 – 39 fot: 300,-
Båt 40 – 49 fot: 350,-
Båt 50 – 59 fot: 450,-
Båt over 60 fot: 550,-

Bruk Vippsnr. 566 146 – velg «Hamneleige». Kode til internett og servicebygg får du opp på Vipps når du har betalt.

Hamneleige og campingavgift inkluderer bruk av trådlaust nett og tilgang til servicebygg.