Kanaldagane 2025
Overnatting båt
Gjestehamna er open og du er velkommen med båt! Under Kanaldagane vert det minimumsbetaling for døgnleige fredag 5.september -søndag 7.september – dette vert betalt ved ankomst. Det vert ikkje mogleg med reservering av båtplass til Kanaldagane, men me har god plass og gjer vårt beste for at alle skal få plass. Sjekk gjerne vårt webkamera for å sjekke om det er ledig plass
I tillegg må alle som bur hos oss denne helga løyse inngangsbillett til messeområdet hos Kanaldagane.
Overnatting camping
Campingen er fullbooka under Kanaldagane
I tillegg må alle som bur hos oss denne helga løyse inngangsbillett til messeområdet hos Kanaldagane.
Hotellhytter
Våre nyoppførte hotellhytter er som namnet tilseier eit hotellrom oppført som ei hytte. Her er det stove/soverom, kjøkenfasilitetar og sjølvsagt eige toalett/bad.
Hyttene har tre kategoriar:
- Standard
- Superior
- Universell
I tillegg løyser du inngangsbillett til messeområdet hos Kanaldagane.
Båt
opptil 40 fot- Gjeld for overnatting båt inntil 40 fot i gjestehamna 5. – 7. sept. Straum er inkludert. I tillegg må ein løysa inngangsbillett til messeområdet til Kanaldagane, og ev. konsertar/ events. Betaling ved ankomst. Ingen reservasjon.
Båt
41 - 50 fot- Gjeld for overnatting båt mellom 41-50 fot i gjestehamna 5. – 7. sept. Straum er inkludert. I tillegg må ein løysa inngangsbillett til messeområdet til Kanaldagane, og ev. konsertar/ events. Betaling ved ankomst. Ingen reservasjon.
Båt
over 50 fot- Gjeld for overnatting båt over 61 fot i gjestehamna 5. – 7. sept. Straum er inkludert. I tillegg må ein løysa inngangsbillett til messeområdet til Kanaldagane, og ev. konsertar/ events. Betaling ved ankomst. Ingen reservasjon.
Hotellhytte
standard / superior / universell- Gjeld for overnatting pr natt i hotellhytte Standard. I tillegg må ein løysa inngangsbillett til messeområdet til Kanaldagane, og ev. konsertar/ events.
Fredag 5. september speler Stavanger Aftenband til dans – ei musikalsk kruttønne frå dei 4 siste 10 år!
Stavanger Aftenband er eit partyband som fungerer på dei aller fleste scenene. Dei plukkar låtar frå fleire ulike sjangrar med mål om at dei skal fulla dansegolvet med låtar både dei og publikum elskar.
Dei lovar god stemning og allsong!
Bandet består av:
Louise Warrem – vokal
Geir Pedersen – gitar/ vokal
Arne Helvig – gitar/vokal
Edmund Rossland – bass/ vokal
Eirik Bergjord – Trommer
Pallebandet kjem i hamna lørdag 6. september.
Her kan du vera med å dra i gong ein låt eller to! Eller du kan vere med å syngja eller dansa i salen 😊 Me har trua på god stemning!
Pallebandet har reist rundt og spelt i Sunnhordland dei siste 20 åra og har dratt på seg ein god del erfaring. Mykje kjekk musikk frå Bob Marley til Bon Jovi.
Bandet består av:
Arvid Mørk Mikkelsen – gitar/vokal
Frode Tveit Sæverud – keyboards
Rolf Martin Haldorsen – gitar/vokal
Frode Kvandal – bass/ vokal
Knut Erik Gilje – Trommer
Petter Mikaelsen – gitar/vokal