Måndag – tysdag

Pizza á la carte

13:00 – 21:00
(matservering til kl 20)

Onsdag – torsdag

Full á la carte-meny

13:00 – 21:00
(matservering til kl 20)

Fredag – Laurdag

Full á la carte-meny

13:00 – 23:00
(matservering til kl 20)

Søndag

Søndagsbuffé

13:00 – 19:00
(matservering til kl 18)

À la carte sommaren 2024

Havets rettar

Skalldyr­suppe

Eit handt­verk av ei suppe. Laga heilt frå grunnen av, med kraft frå havets delikatesser. Suppa er med reker, sprø grønsaker og er fyldig krema. Servert med brød og aioli.

Fish & chips

Godt enten du er sjø­mann eller land­krabbe! Panert fisk med pommes frites. Servert med coleslaw, sitron, sylteagurk og kapers

Blå­skjell

Nydampa blå­skjell i løk og kvitvin. Blir servert med brød, pommes frites og aioli.

Vår eigen lakse­burger

Heime­laga lakse­burger med salat, tomat, ost og dressing, servert med pommes frites. Laksen er opp­dretta på Bømlo. Kan lagast glutenfri.

Kjøt­rettar

Ham­burger

Me lagar vår saftige burger med heime­laga dressing, tomat og sprø salat, før den blir toppa med cheddar, steikt løk og dressing. Servert med pommes frites. Kan lagast gluten­fri.

Kylling­burger

Prøv vår nye kyllingburger! Ein frisk og sommarleg burger­variant, laga av utbeina lår­kjøtt som er den mest saftige og smak­fulle delen av kyllingen. Servert med pommes friters. Kan lagast glutenfri.

Spare ribs

Ein av våre tidlegare suksessar er tilbake på menyen! Spare ribs som er marinert i deilig BBQ-saus. Blir servert med cole­slaw og pommes frites.  

Salat­rettar

Hamnesalat

– med reker

– med kylling

– med spekeskinke

Våre salat­rettar er sett saman av sprø grøn salat, tomat, rødløk og vårløk, har eit lett parmesan­dryss over seg og ved sida ligg ein sitron­båt, brød og parmesan­dressing.

Potet­rett

Potet­eventyret (m/u bacon)

Våren 1759 sådde presten Peder H. Hertzberg dei første potetene på Bømlo, på preste­garden som ligg ved austre utløpet av Kulleseid­kanalen.

Han brukte alle høve til å tala varmt for potet­dyrkinga, både frå talar­stolen, i konfirmant­undervisninga og i møte med bygda­folket. Hans innsats gjorde vestlendingane mindre avhengige av korn­dyrking og betra leve­kåra.

Me har dedikert ein eigen rett til historia, og let potetene få æres­plassen i denne retten!

Her er bakte små­poteter med bacon (valfri), mais, feta­ost, aioli, oste­dryss, vårløk og litt blanda­salat.

Pizza

Måndag og tysdag

Du kan bestilla den pizzaen du ønskjer: Margherita, Mozzarella, Kyllingpizza, Skinke, Pepperoni eller Serrano

Onsdag – laurdag

Forsyn deg så mykje du vil av vår pizza- og salatbuffé. Her kjem det ulike pizza­sortar på løpande band!

Barne­meny

Blekksprut­pølse

Frityr­stekt grillpølse med pommes frites.

Enkel hamburger

Enkel burger med brød, storfe­kjøtt og pommes frites.

Kylling – barne­meny

Lår­kjøtt av kylling, servert med små­poteter, salat og aioli (i eige beger).

Fish & chips barne­meny

Ship ohoy! Her får du panert fisk med
pommes frites, salat og aioli (i eige beger).