Ei av Noregs finaste saunaer - midt i di eiga gjestehamn

Varmen inne, kulda utanfor - og utsikta midt imellom.
Sjå ledige tiderOm saunaen

Om saunaen

Sjø på alle kantar, ved i omnen

Kulleseidkanalen sin nye sauna ligg og duppar rett ved kai i gjestehamna – vedfyrt, varm og klar for bading heile året. Her er det plass til mange, anten det er familien, kompisgjengen, laget eller kollegaene som skal kose seg saman.

Fyr i omnen, saltvatnet eit steg unna, og utsikt til båtane som ligg fortøygde rundt deg. Enklare – og betre – blir det ikkje.

Flytande vedfyrt sauna ved kai i Kulleseidkanalen gjestehamn

Felles eller privat sauna

Saunaen kan bookast på to måtar, alt etter kva slags stemning de er ute etter. Anten blir de med i den felles saunaen saman med andre gjestar i hamna, eller så tek de heile saunaen for dykk sjølve. Begge vegar får de vedfyrt varme, saltvatnet rett utanfor døra og same gode utsikt over kanalen.

Felles sauna

Her fyrer me opp, og saunaen er open for alle som vil booke seg inn i den aktuelle tidsluka. Du kjem gjerne åleine, med ein venn eller eit par frå følgjet – og deler benken med andre gjestar frå gjestehamna. Ei fin anledning til å bli kjent med naboane på brygga, høyre litt om dagens fangst eller berre sitje saman i varmen med utsikt over vatnet.

Tysdag, torsdag og fredag kl. 07.30–10.30 og kl. 18.00–21.00

Privat sauna

Vil de heller ha saunaen berre for dykk sjølve? Då bookar de ei privat økt. Prisen gjeld for minimum 4 personar, og då er heile saunaen – og heile utsikta – reservert til akkurat dykkar gjeng. Perfekt for familien, vennegjengen, laget eller ei roleg badstoveøkt med kollegaene.

Tysdag, torsdag og fredag kl. 10.30–18.00, laurdag kl. 14.00–20.00 og søndag kl. 11.30–18.30

Slik ser det ut

Inne i badstova
Utsikt frå vindauget
Dukkert etter bading
Utsikt frå vindauget

Alt du treng
for ei god badeøkt ved sjøen

Vedfyrt omn

Ekte varme, ikkje straum.

Flyt på sjøen

Rett i vatnet etter badstova – hoppetårn frå taket!

Plass til mange

God plass til minst 15 personar.

Sanitæranlegg tilgjengelig

Brukarar av saunaen kan nytta seg av vårt sanitæranlegg

Ope heile året

Like godt i januar som i juli.

Enkel booking

Vel tid på nett, betal med ein gong.

Eiga oppleving

Aufguss med badstumester

Vil du oppleve sauna på ein heilt ny måte?

Badstumesteren vår er kursa i aufguss og saunaritual ved Farris Bad, og skapar god stemning i Kulleseidkanalen sauna med varme, is, musikk og eteriske oljer. Resultatet er ei avslappande, reinsande og energigivande stund i badstova.

Ingen hokus pokus – berre sauna på ein ny måte, der du kan zoome ut frå kvardagen og stresset og unne deg litt eigentid. 

Greit å vita

Nokre enkle ting før du kjem.

  • Maks 15 personar per booking (12 på fellessauna).
  • Ta med eige badetøy og handkle, eller leig håndkle hjå oss (kr 50,-)
  • Saunaen er fyrt opp og klar når du ankjem.
  • Booking og betaling skjer trygt i kalenderen over.
  • Tilgang til sanitæranlegget vårt med dusjar. (Dusj 2x10kr mynt)
  • Sjølvbetjent kiosk er tilgjengeleg i hamna, varm og kald drikke i saunaen.
  • Restauranten har ope tysdag–fredag kl. 15–21 (kjøkkenet stengjer kl. 20) og søndag kl. 13–17.