Påske 2024

Opnings­tider, arrange­ment og over­natting

Opnings­tider i gjeste­hamna

Laurdag 23. mars :
19:00 – 02:00 Smaking og foredrag med Bareksten (billettar)

Søndag 24. mars :
13:00 – 17:00 Søndagsbuffé med Lammesteik, Omnsbakt laks, spagetti med kjøttsaus og koldtbord.

Onsdag 27. mars :
21:00 – 01:00 DJ Alendal (billettar)

Skjærtorsdag 28. mars:
13:00 – 17:00 Restaurant: Komle m/pinnekjøtt, plukkfisk og spagetti med kjøttsaus.
13:00 – 17:00 Familiearrangementet Kanalkrimmen (gratis).

Langfredag 29. mars:
13:00 – 17:00 Restaurant: Komle m/pinnekjøtt, plukkfisk og spagetti med kjøttsaus.
13:00 – 17:00 Familiearrangementet Kanalkrimmen (gratis).
20:00 – 01:00 Halloi! med Arvid M. Mikkelsen (billettar)

Påskeafta 30. mars:
13:00 – 17:00 Restaurant: Graut, pølse og pommes frites.
13:00 – 17:00 Familiearrangementet Kanalkrimmen (gratis).
20:00 – 01:00 Påskejam med Pallebandet (billettar)

1. Påskedag 31. mars :
13:00 – 17:00 Søndagsbuffé med Lammesteik, Omnsbakt laks, spagetti med kjøttsaus og koldtbord.
13:00 – 17:00 Familiearrangementet Kanalkrimmen (gratis).

Familiearrangementet:

Kanalkrimmen! 🔎

Mystiske saker og ting har skjedd i gjestehamna! 

Ta med barna eller barnebarna på Kanalkrimmen – ei kjekk oppdagingsferd der ein undersøker spor rundt omkring i området til gjestehamna. Klarar de å finna den skuldige?

De går saman som gruppe på området og når oppgåva er løyst vankar det premiar til barna. Barna må følgjast på runden. Det er fleksibel oppstart i heile opningstida vår – mellom kl 13:00 og 17:00 frå Skjærtorsdag 28.mars til 1.påskedag 31. mars.

Det er ein fin runde og går greitt med barnevogn, men rullestol kan vera krevjande (grus i brekke). Aldersmessig hovudmålgruppe er ca. 4 – 12 år, men både yngre og eldre vil ha glede av å vera med å løysa mysteriet!

Påskeafta: Påskejam med Pallebandet

Pallebandet inviterer inn til påskejam! Her kan du vera med å dra i gong ein låt eller to!

Eller du kan vere med å syngja eller dansa i salen 😊 Me har i alle fall trua på god stemning!

Pallebandet har reist rundt og spelt i Sunnhordland dei siste 20 åra og har dratt på seg ein god del erfaring. Mykje kjekk musikk frå Bob Marley til Bon Jovi.

 

Over­natting

Velkommen til oss i båt, campingbil og -vogn! Det er god plass i gjestehamna og me gler oss til å ta imot deg.

For campingplass registrerer og betalar du på førehand (Campio).

Kjem du i båt registrerer og betalar du ved ankomst (i kasse / Vipps)