À la carte hausten 2026
Måndag
Stengt
Tysdag- Fredag
À la carte-meny & pizzabuffé
15:00 – 21:00
(matservering til kl 20:00)
Laurdag
Ope for lukka lag eller arrangement
Bursdagar, bryllaup, konsertar, mm.
Søndag
Søndagsbuffé
13:00 – 18:00
(matservering til kl 17)
Havets rettar
Skalldyrsuppe
Eit handverk av ei suppe. Laga heilt frå grunnen av, med kraft frå havets delikatessar. Suppa er fyldig krema og vert servert med reker, blåskjell, sprø grønsaker, brød og aioli.
Blåskjell
Nydampa blåskjell i løk og kvitvin. Blir servert med brød, pommes frites og aioli (avhengig av tilgjengelege råvarer).
Kjøtrettar
Hamburger
Me lagar vår saftige burger med heimelaga dressing, tomat og sprø salat, før den blir toppa med cheddar,
steikt løk og dressing. Servert med pommes frites.
Alternativ: Vegetarvariant av hamburger med ei skive halloumi i staden for kjøt. Glutenfri variant med meir salat i staden for brød
Entrecôte
Entrecôte er av dei mest smakfulle delane av storfe og me serverer den med mellom anna heimelaga urtesmør, aspargesbønner, cherrytomater og karamellisert løk. Servert med pommes frites og aioli
Salat
Hamnesalat med kylling og bacon
Vår salatrett er sett saman av pannesteikt, skiva kylling, sprø grøn salat, tomat, rødløk og vårløk, med eit lett parmesandryss, og ved sida ligg ein sitronbåt, brød og parmesandressing.
Mogleg å få vegetarvariant av salat med hummus i staden for bacon og kylling
Pizza
Pizza- og salatbuffé
Forsyn deg så mykje du vil av vår pizza- og salatbuffé. Pizza vert laga etter at bestillinga er lagt inn, og du
kan oppgje ønskja pizza ved bestilling slik at dine favorittar kjem på løpande band.
Take away
Me lagar også pizza til take away: Margherita, mozzarella, skinke, kylling (kvit pizza), pepperoni og serrano.
Barnemeny
Blekksprutpølse
Frityrstekt grillpølse med pommes frites.
Enkel hamburger
Enkel burger med brød, storfekjøtt og pommes frites.

