Bedriftsopphald i skjergarden – frå lunch til lunch eller fleire døgn

Samlande møteopplegg i inspirerande omgjevnader. Effektive døgnsamlingar, fleksible fleirdøgnsopphald, moderne fasilitetar og utsøkt servering – alt på éin stad.

Be om tilbod

Konseptet

 

Kulleseidkanalen gjestehamn tilbyr gjennomarbeidde opplegg for bedrifter som ønskjer å kombinere fagleg fokus med gode opplevingar. Me har utvikla eit fleksibelt konsept som passar både korte døgnsamlingar og lengre opphald, og som gir rom for konsentrasjon, samarbeid og gode avgjerder.
Her får de alt samla: overnatting, restaurant, møterom og aktivitetar – innpakka i rolege og inspirerande omgjevnader.

 

Kva er ei lunch til lunch-samling?

 

Lunch til lunch er ei effektiv og velkjend samlingsform i næringslivet.
Opplegget er enkelt:
– ankomst før lunch dag 1
– to arbeidsøkter same dag
– middag og kveldssamling
– overnatting i nye hotellhytter
– vidare arbeid og avslutning over lunch dag 2

Det gir ei naturleg tidsramme som er lett å plassere i kalenderen – utan å ofre kvaliteten på samlinga.

 

 

Fleirdøgssamlingar

 

For grupper som treng meir tid, tilbyr me fleire typar fleirdøgnsopphald.
Dette passar spesielt godt for styre, leiarteam, samarbeidande bedrifter, større prosjektmiljø og kreative prosessar.

Me tilbyr:
– 2‑dagars samlingar
– fleirdøgssamlingar med aktivitetar
– strategisamlingar over fleire dagar
– arbeidsretreatar i skjergarden

Eit lengre opphald gir ro, fordjuping, meir gjennomarbeidde diskusjonar og betre grunnlag for felles avgjerder.

 

 

 

Fordelane med døgnsamlingar

 

Effektiv tidsbruk: Eitt eller fleire døgn gir høg konsentrasjon og god framdrift.
Færre forstyrringar: Deltakarane får jobbe saman utan avbrot frå kontoret.
Styrka samarbeid: Kvelden skapar rom for tillit og tettare relasjonar.
Naturlig rytme: Fag – middag – fag gir god balanse.
Fleksibilitet: Passar styre, leiarar, avdelingar og prosjektgrupper.

 

 

 

Overnatting

 

 

Me tilbyr 17 nye hotellhytter med høg standard, god komfort og kort avstand til møterom og restaurant. Dette gjer opphaldet både behageleg, roleg og praktisk.

Romma ligg skjerma til, og er oppført i grupper på 3. Dette gir et rolig opphold og naturen kjem nesten heilt inn.  

 

 

Matservering

I vår nye restaurant kan gruppa velje mellom to gode alternativ:

À la carte:
Passar når gruppa ønskjer fleksibilitet og friare rammer.

Skreddersydd meny:
For dei som ønskjer noko ekstra, set me saman ein trerettars eller større meny basert på lokale råvarer og sesongens smakar. Vinmenyen vår kan tilpassast menyvalet.

 

 

Møterom

 

Møteromma våre er moderne, fleksible og tilpassa både små og store grupper. Me har komplett AV‑utstyr, og servering kan leverast direkte til romma.

 

 

Opplevingar og utflukter

 

Kulleseidkanalen ligg i hjartet av Sunnhordland, med eit stort mangfald av kultur- og naturopplevingar. Mange av dei kan nåast direkte med vår eigen 41 fots Targa, eller me kan organisere skyss landevegen.

Aktuelle utflukter:
Skjergardscruise
Moster Amfi
Gullgruvene på Lykling
Sunnhordland UNESCO Global Geopark
Folgefonnsenteret
Gruvene på Litlabø
Pétanque og frisbeegolf
– Kulturinnslag frå Bømlo

Fleire opplevingar finn du her:
Sunnhordland: https://www.fjordnorway.com/no/se-og-gjore?regions=sunnhordland
Bømlo: https://www.fjordnorway.com/no/se-og-gjore?regions=sunnhordland&attractions=bomlo

 

 

 

 

Skreddersydde bedriftsopplegg

 

Me set saman heile opphaldet for dykk – frå fagleg program til aktivitetar, måltid, båtturar og logistikk. Uansett om de treng eitt døgn eller fleire dagar, sørgjer me for at samlinga vert heilskapleg, inspirerande og effektiv.

 

 

Send forespørsel

12 + 8 =