

20. – 22. juni 2025
Kast loss, sett kurs og la ankeret gå! Kulleseidkanalen gjestehamn inviterer til Ankerfest 2025!
Det blir ein folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamn og på camping, open restaurant og eit yrande folkeliv.
Artistar:
Fredag 20. juni:
- Gunslingers
- En dags pause
- Kling & de
Laurdag 21. juni:
- Møllo bluesband
- Luxus leverpostei
- Supertrouper
Søndag 22. juni:
- Barnas Ankerfest – stort Paw patrol-show
- Salmer på pøbb
Barnas Ankerfest 2025

Velkommen til barnas Ankerfest!
Søndag 22. juni
13:00 – 17:00 Festivalområdet er ope – ansiktsmåling, konkurransar, tivoliaktivitetar, matsal, mm.
START Paw Patrol Show kl 13:00
Etter to år med Ankerfest, gler me oss no stort til å utvida festivalen til også søndagen.
Søndag 22.juni kjem Chase, Marshall og Ryder frå Paw Patrol med show og barna kan få møta og helsa på dei! Me gler oss stort! 😊
Det vil også skje mykje anna gøy for barna, slik som ansiktsmåling, konkurransar og tivoliaktivitetar. Det vert matsal både på uteområdet vårt og inne i restauranten er det søndagsbuffé (bordbestilling).
Kjøp billett til Barnas Ankerfest – for dei med festivalpass så er søndagen allereie inkludert.
Me håpar me ser deg på Barnas Ankerfest!
Foto © 2020 Spin Master Ltd. All rights reserved.
Ankerfest 2025
Opningstider
Fredag 20. juni
14:00 – 18:00 Restaurant med Ankerfestmeny
18:00 – 01:00 Uteservering – innslepp konsert (krev billett (18 år))
19:30 – 20:30 Kling & de
21:15 – 22:45 En dags pause
23:30 – 01:00 Gunslingers
01:00 Slutt
Laurdag 21. juni
14:00 – 18:00 Restaurant med Ankerfestmeny
18:00 – 01:00 Uteservering – innslepp konsert (krev billett (18 år))
19:00 – 20:30 SuperTrouper
21:15 – 22:45 Luxus Leverpostei
23:30 – 01:00 Møllo bluesband
01:00 Slutt
Søndag 22. juni
13:00 Barnas Ankerfest: Paw patrol
13:00 – 17:00 Mattorg, aktivitetar, ansiktsmaling, søndagsbuffé, mm.
20:00 – 21:30 Salmer på Pøbb
Gunslingers – fredag 20. juni 2025
Me gledar oss stort over å presentera Gunslingers sin ankomst til Ankerfest 2025.Gunslingers har i snart 20 år levert norsk countrymusikk av ypperste kvalitet. Dei har oppnådd ein rekke utmerkingar, fått tildelt gull- og platinatrofèer og fått æra av å spela på hundrevis av utselde arrangement.
Bandet reiser med mellom anna LED-skjerm, flammar og diverse effektar, som gjer at showet skil seg ut ifrå mengda og gjæv publikum ein unik konsertoppleving. Bak vokalist og låtskrivar Frode Måkestad, står ei rekkje med anerkjende norske musikarar – ingen ringjarar enn: Tore Mæhle (Bass), Frode Andreassen (Trommeslager), Dag Wolf (Steel guitar), Jan Ove Johansen (Gitar) og Nikolai Storevik (Fele). Bandet fokuserer på ekte speleglede og musikalsk kvalitet. Playback og tracks er banning i kyrkja for denne gjengen.
På konsertane med Gunslingers vil publikum få servert eit fullspekket show. Kjemien mellom scene og publikum er unik og det er ingen tvil om at desse kara var laga for å opptre på scena. Det å vera på konsert med Gunslingers kan opplevest som eit ordentleg serotonin tilskot og ikkje minst – det gir deg eit minne du seint (eller aldri) vil gløyma.
Her lovar me god stemning og allsong!
Program for kvelden 20. juni 2025
18:00 | Innslepp |
19:30 – 20:30 | Kling & de |
21:15 – 22:45 | En dags pause |
23:30 – 01:00 | Gunslingers |
01:00 | Arrangementsslutt |
Transport / parkering
Drosjehaldeplass ved konsertslutt.
Ev. parkering skal skje på «Løkko». Følg parkeringsvaktene sine anvisningar.
Luxus Leverpostei – laurdag 21. juni 2025
Luxus Leverpostei består av 5 glade gutar hovudsakeleg frå Kvinesdal i sin beste alder. Luxus har spelt over heile landet i 30 år, dei er blitt dyktige i sin jobb. Dei har fått meget positive tilbakemeldingar frå publikum, men langt mindre frå pressa. Dette mykje på grunn av tekstar og det særprega showet deira. Luxus har til no solgt ca. 300.000 plater + 25.000 singlar. Låtane deira har blitt streamet over 50 millionar gonger, og i 2019 fekk bandet Kvinesdal Kommunes kultur pris.
Plater får være plater, det er konsertane disse gutane er mest kjente for. Og det er vel ingen overrasking at det er det dei likar best sjølv og. Å sjokkera eller å væra vulgær, er ingen kunst i dag, alle gjer det. Men hensikta er at folk som går på konsert, skal oppleva noko, ikkje berre høyra. Ein Luxus konsert er for folk flest!
Her blir det god stemning!
Program for kvelden 21. juni
18:00 | Innslepp |
19:00 – 20:30 | SuperTrouper |
21:15 – 22:45 | Luxus Leverpostei |
23:30 – 01:00 | Møllo bluesband |
01:00 | Arrangementsslutt |
Transport / parkering
Drosjehaldeplass ved konsertslutt.
Ev. parkering skal skje på «Løkko». Følg parkeringsvaktene sine anvisningar.
Salmer på pøbb – søndag 22. juni 2025
Salmer på Pøbb 22. juni 2025
Kast loss, sett kurs og la ankeret gå! Kulleseidkanalen gjestehamn inviterer til utandørskonsert med Salmer på Pøbb som avsluttingskonsert for Ankerfest 2025.
Salmer på Pøbb er meir enn berre ein konsert. Her møtest folk frå alle generasjonar, med ulik musikksmak, i ein salig miks av kjent og kjært – og meir ukjent. Alt i ein uformell atmosfære. Det blir høg allsongfaktor!
Konserten er open for alle over 18 år.
NRK skriv: «Salmer på Pøbb har treft ein nerve i det norske musikklandsskapet (…) berre smil og glede å sjå blant publikum«.
Vårt land: «… Her får salmeklangens språklige klangbunn slå fra seg med sin voldsomme kraft (…) Det er ufattelig god stemning. Det er intimt, nedskalert og veldig lavterskel.«
Sjå gjerne NRK sin video om Salmer på pøbb – NRK
Velkommen til konsert og allsong med Salmer på Pøbb!
PS! Har du festivalpass, så er konserten inkludert – ønskjer du å kjøpa enkeltbillett kan du gjera det her.
Program for kvelden 22. juni
19:00 | Innslepp |
20:00 | Konsertstart Salmer på Pøbb |
Transport / parkering
Ev. parkering skal skje på «Løkko» (ta første til høgre etter brua). Følg parkeringsvaktene sine anvisningar.
Overnatting båt
Gjestehamna er open og du er velkommen med båt! Under Ankerfesten vert det ikkje mogleg å betala for enkeltnetter – Båtplass sikrar du deg når du bestiller billett.
Alle passasjerar må løysa hamnepass. Dette kan du ordna ved billettbestilling, eller når du kjem til kai.
Overnatting camping
Velkommen i campingbil og -vogn! Du registrerer og betalar når du bestiller billett. Reservasjon ut over Ankerfesten gjer du på vanleg vis på nettsida vår.
Campingbil/vogn
inkl. straum- Gjeld for overnatting campingbil/vogn i gjestehamna 21. – 23. juni. Straum er inkludert. Kan berre kjøpast i kombinasjon med festivalpasset.
- Ingen under 18 år kan overnatta i gjestehamna under Ankerfesten.
Båt
0 - 45 fot- Gjeld for overnatting båt frå 0 – 39 fot i gjestehamna 21. – 23. juni. Straum er inkludert. Kan berre kjøpast i kombinasjon med festivalpasset.
- Ingen under 18 år kan overnatta i gjestehamna under Ankerfesten. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Båt
46 - 59 fot- Gjeld for overnatting båt 40 – 49 fot i gjestehamna 21. – 23. juni. Straum er inkludert. Kan berre kjøpast i kombinasjon med festivalpasset.
- Ingen under 18 år kan overnatta i gjestehamna under Ankerfesten. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Båt
60+ fot- Gjeld for overnatting båt 50 – 59 fot i gjestehamna 21. – 23. juni. Straum er inkludert. Kan berre kjøpast i kombinasjon med festivalpasset.
- Ingen under 18 år kan overnatta i gjestehamna under Ankerfesten. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Barnas ankerfest har verken nedre eller øvre aldersgrense 😉
Alle konsertane har 18 års aldersgrense – også Salmer på Pøbb.
Frå kl 18:00 er restaurant og konsertområde ikkje tilgjengeleg for umyndige.
Personar under 25 år må uoppfordra visa legitimasjon.
Overnatting i leiligheiter, båt og camping er berre tilgjengeleg ved førehandsbooking.
Vel du festivalpass får du opp moglegheit til å booka plass i hamna eller på campingen.