Aktivitetar
Båttur med vår Targa 41
Frå idylliske Kulleseidkanalen gjestehamn på Bømlo tilbyr me eksklusiv båttur med vår kraftige og komfortable Targa 41 – ein båt kjent for sin sjødyktigheit, luksus og fleksibilitet. Med erfaren førar om bord kan du og dine nyta ein trygg og uforgløymeleg dag på sjøen.
Me tek transportoppdrag på heile Vestlandet.
Dette får du:
- Profesjonell førar med lokalkunnskap
- Skreddarsydd rute etter dine behov
- Komfortabel og romsleg Targa 41 med topp fasilitetar
- Ypparleg å kombinera med mat og drikke i gjestehamna
Tur tilpassa for deg
Ein roleg tur i skjergarden, ein aktiv dag med stopp på sjarmerande øyar, eller ein firmatur med stil? – Me tilpassar opplevinga etter dine ynskje.
God plass
Båten har god plass både inne og ute, og er perfekt for grupper, familiar eller venegjengar som vil oppleva det beste av vestlandskysten. Me har passasjersertifikat for 12 personar.
Rik lokalhistorie
Bømlo har eit unikt kystlandskap med over tusen øyer, holmar og skjer – Ei rik maritim historie heilt frå steinalder og vikingtid.
Ta kontakt!
Ta kontakt for pris og booking – og gjer deg klar for ei maritim oppleving du seint vil gløyma!
Diskgolf / Frisbeegolf
Midt i det vakre kystlandskapet på Bømlo, ved den historiske Kulleseidkanalen, finn du ei av dei mest imponerande frisbeegolfbanene på Vestlandet – Kulleseidkanalen Frisbeegolfbane, driven av Vindkast Frisbeegolfklubb.
Banen er ein fullverdig 18-hols bane som strekkjer seg over eit stort område med variert terreng, og byr på ei god blanding av opne kastelinjer og tekniske utfordringar mellom tre og høgdeforskjellar. Med stramme OB-linjer og strategiske mandos, er dette ei bane som både nybegynnarar og erfarne spelarar vil finna spennande og krevjande.
Dette kan du forventa:
- 18 hol med Innova-mål og solide teepads
- Gratis og open for alle – året rundt
- Flott utsikt og nærleik til sjøen
Banen ligg rett på oppsida av gjestehamna og er lett tilgjengeleg både med bil og båt.
Vindkast Frisbeegolfklubb har lagt ned eit imponerande dugnadsarbeid for å skapa ein bane som møter nasjonal standard – og som samtidig speglar den unike naturen og kulturen på Bømlo.
Trippel Petanque-bane
På oppsida av campingvognområdet Melkevikstunet finn du ein trippel petanque-bane – heilt gratis å bruka!
Enten du er erfaren spelar eller berre nysgjerrig på å prøva noko nytt, er dette ein fin plass for sosialt samvær, konkurranse og moro i vakre omgjevnader. Ta med familie, vener eller naboar – og nyt ein runde med kuler og godt humør!